- Ei ny organisering må bevare det lokale

Gjennom ti digitale innspelsmøte har over 2800 tilsette, rådsmedlemmar og frivillige i kyrkja gjeve sine innspel til arbeidet med ny kyrkjeleg organisering. No blir materialet tilarbeidd og oversendt til prosjektet.

Kristian Bandlien Kraft er statsvitar og i gang med å systematisere og gjennomgå datamaterialet frå dei ti innspelsmøta.

Prosjektet som greier ut ny organisering av kyrkja har gjennomført digitale innspelsmøte i august og september. Møta var opphaveleg planlagt som fysiske møte i dei største byane, men vart gjennomført digitalt med deltakarar frå heile landet.

Innspelsmøta har vore viktige for å informere om prosjektet og teste ut nokre hypoteser. Møta supplerer den viktige innspelskanalen på kirken.no/kirkeligorganisering.

Nytt format

– Dette var eit anna format enn vi er vande med. Likevel har vi fått mange gode innspel som vi tek med vidare i arbeidet, seier Inger Kari Stensrud som er prosjektdirektør for prosjektet. – Vi fekk innspel i korte fritekstar og konkrete tilbakemeldingar på problemstillingar som vi vurderer i det pågåande arbeidet.

Det digitale formatet gjorde at prosjektet nådde ut til mange og fekk fram mange ulike stemmer: Frå dei som vonar Kyrkjemøtet gjer eit vedtak denne gangen, til dei som ber om at ein ikkje må endre noko.

Innspelsmøta handla mest om å få mange korte og raske tilbakemeldingar, og formatet var lite eigna for djupe og grundige tilbakemeldingar. Dei lange innspela kan sendast i prosjektet sin innspelskanal og Stensrud fortel at mange har nytta denne kanalen etter innspelsmøta.

Lokal forankring og nasjonal tilhøyrsle

Ein tendens i materialet er at mange framhevar det lokale: «Ei ny organisering må bevare det lokale», «kyrkja må vere lokalt forankra» og «Kyrkjemøtet må ivareta lokalkyrkja» er døme på fritekstsvar som frivillige og tilsette sendte inn. Mange understrekar kor viktig det er med ein nær og god relasjon mellom kyrkje og kommune – med både formelle og uformelle møtepunkt. I tillegg er det mange som trekk inn det nasjonale perspektivet: Vi høyrer til i ei kyrkje, der biskopen har ei viktig rolle i fagleg utvikling og inspirasjon.

I innspelsmøta vart det stilt spørsmål som var formulert av dei fire ulike arbeidsgruppene i prosjektet. Desse arbeidsgruppene har fått oversendt oppsummering av «sine» spørsmål, som dei tek med i innspurten av sitt arbeid. Arbeidsgruppene leverer sine delutgreiingar til hovudutvalet innan 1. oktober.

Analyse- og oppsummeringsarbeid

Stensrud seier at arbeidet med å samanfatte og analysere innspelsmøta er godt i gang. – Men med over 2800 aktive deltakarar som har svart på rundt 15 spørsmål har vi fått mykje datamateriale, som tek tid å tilarbeide.

Resultatet frå innspelsmøta vil bli oversendt til hovudutvalet som skal møtast i slutten av oktober. Saman med mellom anna rapportar frå arbeidsgruppene, tilbakemeldingar frå fagforeiningane og innspel frå innspelskanalen vil materialet frå innspelsmøta vere viktig for utvalet i ei heilskapleg vurdering av ny organisering.

Eit samandrag av resultata frå innspelsmøta vil bli publisert på kirken.no/kirkeligorganisering saman med ofte stilte spørsmål med svar.

Innspurt i hovudutvalet

– Når vi ser på alt materialet vi no har samla inn, både gjennom innspelsmøta og dei andre kanalane, samt alt det gode arbeidet som gjerast i dei fire arbeidsgruppene, er eg trygg på at hovudutvalet vil kunne greie godt ut i innspurten av prosjektet, som skal levere sin rapport i februar 2021.

Prosjektdirektøren avsluttar med å fortelje om prosessen vidare: – Resultatet frå arbeidet vil bli lagt fram for Kyrkjemøtet i 2022, saman med andre modellar som har blitt utgreia tidlegare. Før dette vil Hovudutvalet sin rapport ha vore på ei brei høyring i kyrkja gjennom 2021.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"